Gå videre til innhold
Foto: Sara Berntsen
Foto: Sara Berntsen

Pressemelding -

LOs Litteraturpris til Atle Berge for roman om Kielland-ulykka

Atle Berge får LOs Litteraturpris 2020  for romanen Puslingar. Det er første gong prisen blir delt ut og prissummen er på 100 000. Prisen skal auke statusen til arbeidarlitteraturen og løfte fram arbeidsfolks fortellingar. 

Frå juryens grunngjeving: 

"Puslingar løfter frem arbeiderne i den kanskje mest debatterte bransjen i Norge. En gruppe som sjeldent kommer til ordet mellom rapporter fra Norsk olje og gass på den ene siden og miljøvernere på den andre. Boken viser at for den enkelte er arbeidet aldri abstrakt, det er hverdagen, det er livet." 

I Puslingar er Kielland-ulykka den historiske hendinga forteljinga kretsar rundt. Året er 1980. I Nordsjøen har bustad- plattforma Alexander L. Kielland kantra, og heime i Nordhordland sit familien til oljearbeidaren Jonny og ventar på at telefonen skal ringje.

Vi følgjer tenåringsjenta Marita vidare i livet, gjennom forelsking og opprør og i draumen om å bli oljeingeniør. Med seg har ho eit brennande ønske om å finne svar på kva som gjorde at Kielland velta. Skal ikkje nokon stillast til ansvar for at 123 oljearbeidarar mista livet på jobb?

Puslingar gir innblikk i ungdomstid og framtidsdraumar prega av ei av dei mest dramatiske hendingane i Noreg i 1980-åra.

Sagt om boka:

"Sterk roman om livet etter Kielland-ulykka" Terningkast 5 i Stavanger Aftenblad, Jan Askelund

"I denne boka er ikke olja og Nordsjøen en kulisse, boka lever og puster med oljeungen Marita som mista faren i ulykka og vil bli ingeniør. I denne boka er de som leser bøker om filosofi og romaner fra bokklubben de fremmede, mens de som kan betjene et hydraulisk styringsystem er de trygge. Og så er det ei skikkelig god bok" Aslak Sira Myhre

Atle Berge(f. 1986) er frå Hjelmtveit i Nordhordland. Han er utdanna journalist, og arbeider til dagleg som forfattarkonsulent for Norsk Forfattersentrum.

Har tidlegare gitt ut Muntergang (2010), Stockholmsyndromet (2012) og Superpularen (2015).

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO