Gå videre til innhold
Maria Parr, Agnes Ravatn, Olaug Nilssen og Tore Kvæven blant namna på haustlista til Samlaget

Pressemelding -

Maria Parr, Agnes Ravatn, Olaug Nilssen og Tore Kvæven blant namna på haustlista til Samlaget

Det er ei storhending når Maria Parr kjem med ny bok, og 15.8. lanserer Samlaget barneromanen Oskar og eg. Olaug Nilssen, Tore Kvæven og Brit Bildøen kjem alle med romaner i haust, og i slutten av august lanserer vi Agnes Ravatns nye essaysamling. Ståle Eskeland, kjent som Sinnamekkern, kjem med boka Bilalbum. Bilar med sjel og i oktober lanserer vi biografien om Arvid Mæland, kjent frå NRK-serien Cowboyen og kongen.

Les meir om desse og alle dei andre titlane her: https://samlaget.no/collection...

LANSERINGSDATOAR
BARN OG UNGDOM
Hansen, Sigrid Agnethe Du veit ingenting i sal
Parr, Maria Oskar og eg 15.08.2023
Söderberg, Marta Det verste har allereie skjedd 24.08.2023
Thon, Ingunn Full bajas 12.09.2023
Engedal, Marianne Gretteberg Verdas rikaste tjuv 15.09.2023
Grande, Martine Stor 26.09.2023
Tjensvold, Trude Vi roper i skogen 16.10.2023
Holberg, Eirin Steinalderen. 10 000 år gamle tyggisar og hovudskallar på stong 19.10.2023
SAKPROSA
Ravatn, Agnes Alle mot alle. Essay, artiklar og gjeldsbrev 31.08.2023
Fidjestøl, Alfred Noregs musikkhøgskoles historie. Femti år med notar, unotar og fotnotar 03.09.2023
Eskeland, Ståle Bilalbum. Bilar med sjel 27.09.2023
Berge, Birger Nordisk mønsterstrikk 28.09.2023
Isungset, Odd Blodspora frå Dagaliveien 10.10.2023
Mæland, Arvid og Ovesen, Håvard Mitt liv som cowboy 13.10.2023
Fridtun, Kristin Nynorsk for dumskallar NY VERSJON i sal
SKJØNNLITTERATUR
Madsen, Jenny Lund Tretti dagars mørke. Frå dansk ved Maren Barlien 17.08.2023
Strøm, Dordi Odel 18.08.2023
Barlien, Maren DEBUTANT Einbreid bru 25.08.2023
Bildøen, Brit Gult farevarsel 06.09.2023
Basso, Aina Eg rissa desse runene 14.09.2023
Sortland, Gaute M. Sanne historier 22.09.2023
Økland, Einar Andre tider 27.09.2023
Olaug Nilssen Uønska åtferd 29.09.2023
Øystein Orten Den bortkomne 04.10.2023
Kvæven, Tore Raudt støv. Bok I medio okt
Ruefle, Mary Fjomp 18.10.2023
Kråkevik, Herborg (red.) Juleroser 2023 03.11.2023

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter