Gå videre til innhold

Pressemelding

Maria Parr med ny bok om lesaren, litteraturen og det fortalde; "Sjå der går ein barndom"

Maria Parr er blant dei største norske barnebokforfattarane gjennom tidene. Med bøker som Vaffelhjarte, Tonje Glimmerdal og Oskar og eg har ho engasjert, rørt og underhalde barn og vaksne i over tjue år. No er ho klar med boka Sjå der går ein barndom. Om lesaren, litteraturen og det fortalde.

Innimellom barnebokskrivinga har Maria Parr også skrive tekstar for vaksne, både essay, talar og tampar til lokalavisa Synste Møre. Felles for desse tekstane er ei interesse for og undersøking av det som skjer i møte mellom ein lesar og ein skrivar. Om korleis tilsynelatande små og uviktige opplevingar kan vide seg ut og gi meining og betyding langt utover den personlege erfaringa.

Sjå, der går ein barndom er ei samling tekstar der Maria Parr tek oss med til det magiske landskapet barndom, til dei stemmene og forteljingane som inspirerte ho til å finne stemma si. Samlinga er ei kjærleikserklæring til biblioteka, til formidlarane og til alle dei som bidreg til å vide verda ut for lesarane.

Maria Parr (f. 1981) debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. I 2019 mottok ho også Sult-prisen. I 2023 fekk ho og illustratør Åshild Irgens Brageprisen og vart nominerte til Nordisk råds barnelitteraturpris for Oskar og eg. Parr har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren. Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lektor.

Portrettfoto: Sara Sanderud

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Uten tittel - 12. mai 2025 kl. 14.19.06 (1) (3).png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 2.14 MB
    Last ned
  • Parr, Maria 2026-5550-Foto_Sara Sanderud.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6240 x 4160, 13.4 MB
    Last ned
  • Maria Parr.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1583 x 2480, 578 KB
    Last ned