Gå videre til innhold
Foto: Tove K. Breistein
Foto: Tove K. Breistein

Pressemelding -

Marianne Gretteberg Engedal aktuell med oppfølgjar til prisvinnande og kritikarrost bildebok

Marianne Gretteberg Engedal er aktuell med ny bildebok om Kjell og bestevennen Pølse-Per i oppfølgjaren Polititjuven, og allereie før lanseringa i Noreg er rettane seld til Danmark og Sverige!

Kjell er fødd inn i ein tjuvefamilie, men er ikkje tjuv lenger. Det er ingen i verda Kjell likar så godt som Pølse-per, og det er ingenting i verda Pølse-Per likar så godt som pølser. Men rett før skulen skal på overnattingstur i skogen, flyttar det ein politifamilie til byen. Politijenta Perit skal bli med på skuleturen, og for Kjell endrar alt seg når ho stel bestevennen hans, Pølse-Per.

Polititjuven er ein humoristisk og fantasifull bildebok om sjalusi og fordomar.

I Polititjuven møter vi att Kjell, som vi blei kjende med i Pølsetjuven frå 2019. Pølsetjuven vann Kulturdepartementets bildebokpris 2019 og Nynorsk barnelitteraturpris. Boka er omsett til fleire språk og sett opp som teater på Den Nationale Scene i Bergen.

Marianne Gretteberg Engedal (f.1986) er illustratør og kokk frå Haugastøl, utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen. Ho har illustrert fleire bøker for barn og unge.

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Relatert innhold

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO