Gå videre til innhold
Martin Ingebrigtsen
Martin Ingebrigtsen

Pressemelding -

Martin Ingebrigtsen debuterer med diktsamlinga "Riv av seg ansiktet"

I Martin Ingebrigtsens debutbok kjem gudar og spøkelse på besøk. Dei hermar etter vertane: Dei slaktar, lagar mat og et, dei myrdar og stiftar brann, dei kjøpslår, døyr og gjenoppstår, skiftar form. Temaet for denne burleske handlinga er likevel allmennmenneskeleg: Korleis formar menneska kvarandre, korleis øydelegg vi kvarandre, korleis er vi avhengige av kvarandre? Dikta gir ingen tydelege svar, men prøver å leike seg fram til eit alvor. Universet i boka følgjer grunnregelen i eventyret: Alt står på spel. Utvegane er øydeleggjande død eller smidig overleving.

Det er blitt en oppsiktsvekkende fin debut, for denne leser er kombinasjonen av det håndgripelige og det uklare et utmerket utgangspunkt for å lese denne boken flere ganger, og takk for det. En musserende anbefaling er på sin plass.

Stein Roll, Adresseavisen

Martin Ingebrigtsen (f. 1984) er frå Trondheim. Riv av seg ansiktet er hans første bok 

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO