Gå videre til innhold
Mats Eldøen og Sindre Goksøyr med sprelsk faktabok for barn

Pressemelding -

Mats Eldøen og Sindre Goksøyr med sprelsk faktabok for barn

Sprelsk faktabok for barn

Sjå for deg at du vaknar ein dag og har vengar i staden for armar, eller at du plutseleg kan skifte farge og gå i eitt med omgivnadene, som ein kameleon. I Viss eg hadde hale leikar forfattar Mats Eldøen og illustratør Sindre Goksøyr med tanken om korleis verda hadde vore om vi hadde hatt litt meir av dyra sine eigenskapar. Gjennom absurde og morosame teikningar og fantasifulle tankespinn opnar dei for at barn og vaksne kan fabulere heime. I tillegg fortel dei oss kvifor dyra faktisk er som dei er.

Dette er ei bok som bør lesast med litt golvplass, så ein kan utforske korleis det er
å ha åtte bein, slik som edderkoppen, eller øyre som ein elefant. Og veit du kva elefanten eigentleg bruker øyra sine til?

Målgruppa for boka er 3 til 6 år. 

Mats Eldøen (f. 1983) er skodespelar og instruktør og har laga ei rekke framsyningar for barn, deriblant Lekene slår tilbake!, med over 300 framsyningar over heile verda. Han er ein erfaren improvisator og har vore med i TV 2-programmet Alt er lov. Eldøen er sjef for det Oslo-baserte teateret Det Andre Teatret.

Sindre Goksøyr (f. 1975) er illustratør, teikneserieteiknar og bildekunstnar, med bakgrunn i kunstnarkollektivet Dongery. Han har ei rekkje bokutgivingar og utstillingar bak seg, deriblant bøkene om Kongen din, som han har laga i samarbeid med Odd-Magnus Williamson. Goksøyr gav ut miniteikneseriealbumet Hrmf! på No Comprendo Press i 2011.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO