Gå videre til innhold
Mette Karlsvik (foto: Tove K. Breistein)
Mette Karlsvik (foto: Tove K. Breistein)

Pressemelding -

Mette Karlsvik klar med ny roman frå Island, "Varmá"

Karlsvik har vunne m.a. Sæterbakkens minnepris og Vesaas-prisen og var nominert til Brageprisen for romanen Bli Björk. Ho har lengre tid vore opptatt av, budd på, og skrive om Island. No er ho igjen klar med ei bok som kretsar om Island, Varmá.

Gjennom det islandske landskapet renn elva Varmá, som med dei varme kjeldene sine legg til rette for liv og utvikling. Her buset landnåmsmenn seg, reinsdyr importerte frå Noreg beitar, det blir sett i gang treplanting, og plantasjar blir bygde. Men dette området har eit skiftande humør, det kan kaste om på seg, lage nye elveløp, nye utspring.

Lesaren blir vitne både til kreftene som bur under bakken, og til kreftene som bur i menneska, når Gerd frå Noreg treffer den islandske bondesonen Ingolfur.

Varmá er ein roman om menneska som bur i området langs elva. Det handlar om slekters gang, om å skape sitt eige liv i det ein har arva, og om å leve nær på naturen.

Karlsvik seier dette om den nye romanen: 

"Mellom Keflavik flyplass og Reykjavik ligg ei stor rundkøyring. Ein veg fører nordover, mot Reykjadalen. Det er dalen landnåmsmannen Ingolfur Arnarson vandra før han oppdaga Reykjavik. I to år budde Ingolfur i Reykjadalen, ved breidda av åa Varmá, før han gjekk vidare. Åa Varmá har namnet sitt frå at ho er ei naturleg varm å, ei geotermisk elv. Langs elva har folk vandra sidan Ingolfurs tid. Dei har lauga der, dyrka jorda, fiska gullskimrande aure og etterkvart bygd drivhus for bananar og alligatorar.

Elva utgjer det litterære universet for romanen Varmá. Og Karlsvik har budd på denne sørdelen av Island i tre periodar. Ho har ei sterk tru på  det nordiske;  at dei nordiske landa har noko å gi til kvarandre:

-Eg skriv boka fordi eg trur at Norden har ein verdi også etter etterkrigstida. Etter Brexit - og det kanskje foreståande Swexit - er det meir viktig enn nokon gong å bygge internasjonale band. Det nordiske var ein berekraftig modell. Han kan vere det igjen.

-Nokre nordmenn er allereie interesserte i Island. Til desse ønskjer eg å vise fram eit Island dei kanskje ikkje har sett før. Det kan likne eit Island dei har sett før. Reykjadal-stiane er ikkje ukjente for fjellfolk. Verken å Island eller Norden elles. Men få som har vore til fots i Reykjadalen kjenner den heile, rike historien til dalen

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO