Gå videre til innhold
Foto: Agnete Brun
Foto: Agnete Brun

Pressemelding -

No kjem boka "Blokka på Bjerke. Tretten år i tredje etasje" av Bjørn Hatterud

Lansering på Deichman Bjerke i Oslo 31.5. kl 18: https://www.facebook.com/event...

I tretten år har Bjørn Hatterud budd i ei blokk i Groruddalen i Oslo. I 1961 flytta 48 heldige familiar inn i dei tolv etasjane. Då Bjørn flytta inn, var mange av bebuarane gamle. Bjørn vart nær venn med fleire av naboane, som krigsseglaren Bjarne, som budde vegg i vegg med Bjørn, og Ester i første etasje, som ein gong var ei fattigjente på Langøyene.

På tretten år har Bjerke gått frå å vere eit slite nabolag til eit populært buområde. På same tida har Bjørn gått frå uføretrygd og eit botnpunkt i livet, til karriere med verv, prisar og nye moglegheiter. Hatterud skal no flytte frå Bjerke og ser tilbake på åra i blokka og folka han har møtt.

Blokka på Bjerke
er ei gripande forteljing om Hatterud, livet i dei tolv etasjane, sorger og gleder, nære vennskap og endringane som har skjedd med både området, blokka og Hatterud sjølv.

Bjørn Hatterud(f. 1977) kjem frå bygda Veldre i Ringsaker kommune. Han er kulturskribent, kunstkritikar, kurator, musikar og sit i Kulturrådet. Han har tidlegare gitt ut Mot normalt (2018) og Mjøsa rundt med mor (2020). I Mjøsa rundt med mor skildra Hatterud livet som homofil og funksjonshemma med bakgrunn i arbeidarklassen på bygda. Boka vann mange hjarte og fekk Kritikarprisen. Hatterud har også mottatt Fritt Ords Pris.

Forfattarportrett av Agnete Brun


Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter