Gå videre til innhold
Norsk Instagramsuksess selt til Tyskland, Frankrike, Nederland og Belgia

Pressemelding -

Norsk Instagramsuksess selt til Tyskland, Frankrike, Nederland og Belgia

Ida Skivenes deler matglede og kreative frukostar med over 170 000 følgarar frå heile verda på Instagram under namnet idafrosk. Boka basert på frukostane hennar, Leik med maten, er no selt til forlag i Tyskland, Frankrike, Nederland og Belgia. 

Meir om boka:

Med enkle grep kan ei vanleg brødskive bli eit lite kunstverk, ja, rett og slett matkunst. Boka Leik med maten viser korleis du kan lage isbjørngraut, ape-pannekaker, Raudhette av jordbær og kiwi, og brødskive med Munch-motiv. Eller kanskje du heller vil lage Big Ben, Taj Mahal eller Oslo rådhus? Her får du mange idear til sunn og god mat som er moro for både store og små.

Dei artige frukostane er laga med enkelt utstyr og lett tilgjengelege ingrediensar, og mange av dei tar berre 5–15 minutt å få ferdige.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO