Gå videre til innhold

Pressemelding -

Ny aktuell bok om DDR

Journalist og historikar Astrid Sverresdotter Dypvik er aktuell med Det var DDR  - Forteljingar om eit nedlagt land. Astrid S. Dypvik har møtt ei rekkje menneske som på ulikt vis har merke etter landet som vart borte. Her møter du folk med merkelege, opprørande og triste historier. Alt frå stasimedarbeidarar og leiande personar i kommunistpartiet, til menneske som vart offer for eit brutalt diktatur.

Sverresdotter Dypvik har budd i Tyskland og kjem tett på intervjuobjekta sine:

-- Det som fascinerer meg med DDR er at tyskarane sjølv fortel så mange ulike historier om landet, historier som ikkje passar saman og som motseier kvarandre.

-Historia om DDR er historia om kald krig, paranoia og overvaking. Men det er også historia om eit land utan arbeidsløyse. Difor blir tyskarane ikkje ferdige med historia om DDR.
 
I boka møter ein Vera Lengsfeld som vart spionert på av ektemannen. Han leverte jamleg rapportar om henne til Stasi. Katrin Behr vart tvangsadoptert bort frå mora som fireåring og er i dag leiar for organisasjonen Hjelp til offer for DDR-tvangsadopsjonar. Mario Röllig som Stasi prøvde å verva som agent, men som sa nei, fekk livet rasert og enda i Stasis hemmelege varetekstfengsel.  Men du møter også Lothar de Maizière, DDRs einaste folkevalde statsminister nokon gong. Og Helmut Müller som var medlem av sentralkomiteen i DDR. Han er ein av dei som skulle hatt idéane, sett løysingane og komme med initiativ hausten 1989. I staden vart han og resten av det veldige partiapparatet vitne til at heimlandet forsvann.

Denne veka er det også premiere på den tyske DDR-filmen Barbara regissert av Christian Petzold (Arthaus) som vann regiprisen under Berlin filmfestival.

Astrid Sverresdotter Dypvik (f. 1977) er journalist og historikar. I dag er ho tilsett i Nationen, men ho har tidlegare arbeidd i både Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid. 

Lanseringsdato 26.9.

 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

  • Astrid Sverresdotter Dypvik, Foto: Tove K. Breistein
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2925 x 4382, 5.74 MB
    Last ned
  • Det var DDR- framside
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1293 x 2079, 1010 KB
    Last ned