Gå videre til innhold
Ny barneroman i serien om Politihunden Falk

Pressemelding -

Ny barneroman i serien om Politihunden Falk

Ei ny lettlesen og spennande bok om politihunden Falk og politidama hans, Hanne. Denne gongen må dei ut på leiting etter 11-åringen Mathias. Han er forsvunnen i løpet av natta, og Falk og Hanne må leite etter spor i snøkavet. Kan Mathias vere kidnappa? Dette oppdraget kan bli farleg!

Tone Nørvåg har vore politi på Sunnmøre i mange år og kjenner stoffet sitt godt. Ho skildrar både politiarbeidet og livet med hund med innsikt og humor, og det er tydeleg at ho elskar begge delar.

Dette er den tredje boka i serien om etterforskarparet Falk og Hanne. Boka er illustrert av teikneserieskapar og illustratør Odd Henning Skyllingstad.

Politihunden Falk på farleg oppdrag passar best for barn mellom 6 og 9 år.

http://samlaget.no/nn-no/forfattarar/n/tone-noervaag.aspx

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO