Gå videre til innhold

Kategorier: barn

  • Hilde Myklebust ute med ny diktbok for barn "Bjørkebokstavar"

    Hilde Myklebust ute med ny diktbok for barn "Bjørkebokstavar"

    Bjørkebokstavar handlar om kor fint det kan vere å ha si eiga bjørk, men også om eit veldig, veldig høgt ønske om å få ein hund. Gjennom blikket til eit barn skildrar Hilde Myklebust undring, glede og einsemd gjennom skiftande årstider på landet.
    Samlinga er vakkert illustrert av Tone Lileng
    Eg heng
    etter ei hand
    frå ei grein
    Kjenner vinden
    bølgje i trekrona
    Eg er ein

  • Ny barneroman i serien om Politihunden Falk

    Ny barneroman i serien om Politihunden Falk

    Politihunden Falk på farleg oppdrag: Ei ny lettlesen og spennande bok om politihunden Falk og politidama hans, Hanne. Denne gongen må dei ut på leiting etter 11-åringen Mathias. Han er forsvunnen i løpet av natta, og Falk og Hanne må leite etter spor i snøkavet. Kan Mathias vere kidnappa? Dette oppdraget kan bli farleg!

  • Magnhild Bruheim aktuell med ny spenningsserie for barn, Stian og Stine

    Magnhild Bruheim aktuell med ny spenningsserie for barn, Stian og Stine

    Stian og Stine er like gamle og bur i same huset, dei er stesøsken som nettopp har vorte del av ein ny familie. Men å få ein ny bror eller søster er ikkje alltid like lett. Då er det flaks at både Stian og Stine likar å løyse mysterium. Ein kveld skjer det noko mystisk i nabolaget, og jakta på svaret fører Stian og Stine opp i fleire skumle situasjonar.