Gå videre til innhold
Ny bok: Fleire nærgåande skisser frå Erling Lægreid

Pressemelding -

Ny bok: Fleire nærgåande skisser frå Erling Lægreid

I den nye boka Fleire nærgåande skisser finn du tretti miniportrett frå Erling Lægreid. I tillegg til ein  lengre sjølvbiografisk tekst om heimstaden hans, Årdal.

Frå 2009 til han brått døydde i november 2011, hadde Lægreid stor suksess med «Lægreids livshistorier», ei fast spalte i Dag og Tid. Vel 60 av dei første miniportretta vart samla i boka Nærgåande skisser (2011). Lægreid var ein intellektuelt og partipolitisk uavhengig, opposisjonell og eigenrådig obser­vatør, og med varme og sympati skildrar han delvis ukjende sider ved dei han møtte i sitt mangeårige yrkesliv.

Fleire nærgåande skisser inneheld 30 minneglimt og portrett av aktørar i norsk kultur- og samfunnsliv, som Lars Jacob Krogh, Kjell Erik Vindtorn, Arne Næss, Rolf Kirkvaag, Merete Lie Hoel, Tron Øgrim, Harald Sverdrup, Arne Hestenes, Wenche Foss, André Bjerke, og Kenneth Sivertsen.

Erling Lægreid (1939–2011), journalist og målpolitikar, arbeidde i NRK i 39 år, ein fornyar av radiojournalistikken. Med kvasse kommentarar og glimt i auga var han ein nynorskpoli­tisk bakmann som trudde meir på pengemakt enn snakk.Lærar ved Forsøksgymnaset frå 1967, sat i styret for vekeavisa Dag og Tid frå 1964 til 1989 (unnateke to år), mest som styreleiar. Medskipar av og drivkraft bak Riksfondet for nynorskpresse frå 1964 til 2011. Arbeidde 1970–2009 i NRK, programleiar i Ungdommens Radioavis, Flimra, Søndagsavisa og Dagsnytt.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO