Pressemelding -
Ny bok i suksesserien Oppdrag Romvesen blir lansert 11. mars
Sprelsk og spennande oppfølgjar i suksesserien Oppdrag romvesen
Jakob har fått eit kjempeviktig oppdrag av sjølvaste statsministeren: Han skal passe på at nabojenta Ramona ikkje blir avslørt som romvesen. Om han klarer denne oppgåva, får han heile 2,6 millionar kroner! Men å halde styr på Ramona er lettare sagt enn gjort. For korleis skal ein forklare at ho svever høgt over stonga når dei hoppar høgde på idrettsdagen, eller at ho gir eit fiskebollebokstårn i bursdagsgåve til bølla Wilhelm? Og kven er den mystiske mannen som følgjer med på alt dei gjer?
I Universets vaktar strammar det seg til for Jakob og Ramona. Får Jakob den store pengepremien frå statsministeren? Og kven er eigentleg foreldra til Ramona?
Dette er andre bok i serien Oppdrag romvesen. Bøkene er baserte på den populære lydforteljinga og er rikt illustrerte av Jens Kristensen. Bok 1 kom ut hausten 2025, og bok 2 blir lansert 11. mars.
Ingunn Thon (f. 1986) debuterte med barneboka Ollis i 2017. For denne boka blei ho nominert til Arks barnebokpris. Ho er journalist og tekstforfattar og har mellom anna arbeidd i NRK Super. Ho blei nominert til Barnas Bokpris 2023 for Full Bajas.
Christian Wiik Gjerde (f. 1981) debuterte med Jakta på firkløveren i 2016, som er blitt omsett til både russisk og tysk. Han er frå Tjørvåg i Herøy kommune i Sunnmøre og bur i Oslo Han har tidlegare jobba som journalist, tekstforfattar og også i NRK Super. No arbeider han som skulebibliotekar. Den siste boka hans er Jul på Bukken hotell frå 2019.
Jens Kristensen (f.1975) er illustratør og biletkunstnar. Han har illustrert ei rekke barne- og ungdomsbøker, mellom anna Klodeklubbserien som han fekk KUD illustrasjonspris for i 2021.
Emner
Kategorier
Regions
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.