Gå videre til innhold
Foto: Ottar Fyllingsnes
Foto: Ottar Fyllingsnes

Pressemelding -

Ny bok med Johannes Gjerdåkers gjendiktingar

Johannes Gjerdåker (1936-2020) er ein av dei viktigaste gjendiktarane våre. Han har gjort strålande arbeid med diktarar frå klassisk litteratur til vår eiga tid, og har fått fleire prisar.

Den nye samleboka; Gjendiktingar, inneheld høgdepunkta frå gjendiktingsarbeidet til Gjerdåker. Ved sida av hans eigne bøker er det teke med dikt og songar frå antologiar, aviser, tidsskrift og plater. Nokre tekstar til sentrale klassiske musikkverk er òg inkluderte. Robert Burns var ein sentral diktar for Gjerdåker. Elles femnde han svært vidt: Gjendiktingane hans strekkjer seg frå klassikarar på latin via islandsk visetradisjon, engelske og tyske romantiske diktarar og modernistiske dikt til kjende popsongar. Her er òg nokre av hans eigne dikt med, 23 meisterlege sonettar frå debutboka Skot på gamal stuv (1978). Det høver å minna om at ein god gjendiktar òg må vera ein god diktar.

Gjendiktingar
er redigert av Per Olav Kaldestad. Håvard Rem har skrive etterord.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO