Pressemelding -
Ny bok om å føde i Noreg; "Alt vel med mor og barn" av Randi Fuglehaug
I alt vel med mor og barn. Historier om fødsel av Randi Fuglehaug fortel 46 kvinner frå Sørlandet til Svalbard om å føde på vegen, i lufta og til sjøs, om å plukke ti liter molter mens riene herjar, klatre over ras på veg til sjukehus og presse ut ein unge utan å vite at ein var gravid. Dei deler historier om å setje barn til verda midt i ein krig, føde utan straum under ein orkan, kjempe mot smertene mange tusen kilometer frå den ein er mest glad i og måtte sende nyfødde babyar bort i staden for å ha dei på brystet. Dei fortel om å bli mor for tidleg, for seint og når ein eigentleg trudde det ikkje lenger var mogleg.
Historiene handlar om Noreg dei siste 70 åra, om korleis det er å leve i vår privilegerte, langstrekte og vêrharde land i nord.
Men mest av alt handlar dei om kvinnenes råskap.
Randi Fuglehaug (f. 1980) kjem frå Voss og er busett i Oslo. Ho er frilansjournalist og har også skrive sakprosabøker for både barn og vaksne.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.