Gå videre til innhold
Ny bok om å ro Sognefjorden av Sigri Sandberg

Pressemelding -

Ny bok om å ro Sognefjorden av Sigri Sandberg

I den nye boka Ro. Om Sognefjorden og ein lang rotur heim skriv Sigri Sansberg om å ro verdas lengste farbare fjord i ein gamal trebåt.

Lansering 18. mai: https://www.facebook.com/event...

Eventyrar og forfattar Sigri Sandberg er ei travel tobarnsmor. Ho bur tre ulike stader og er mykje på farten. Midt i koronakaoset får ho urovekkande meldingar: sjukdom og død, venner som har det vanskeleg, og skakande rapportar om korleis det står til med kloten. Sandberg lengtar etter ro. Kan det hjelpe å ro? Sigri Sandberg bestemmer seg for å ro Sognefjorden, dei over 20 mila i verdas lengste farbare fjord, i ein gamal trebåt. Ho startar ytst i havet, i Gulen, der ho budde som lita, og ror mot Luster, der mannen hennar bur no. Undervegs fortel ho om kvardagen då fjorden var riksvegen, om Henrik Wergeland som sigla der i ein storm i 1832, og om den mest omtala ubåtjakta i norske farvatn nokosinne. Ho fortel om natur og vind og straumar og livet under vatn, og om folk og dyr ho møter. Det blir bølgjer og dramatikk, men også blikstilt vatn, song og nakenbading.

Men er ho sterk nok, klarer ho å ro heile fjorden, finn ho ro?

Sigri Sandberg (f. 1975) er journalist og har arbeidd for sentrale norske aviser i over 20 år. Ho har budd mange år på Svalbard og skrive ti bøker – om natur, friluftsliv, klima og polare strok. Sandberg voks opp i Gulen og Bergen og er busett i Oslo og på ein veglaus eplegard ved Sognefjorden.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO