Gå videre til innhold
Ny bok om autisme "Kunsten å feike arabisk" av Lina Liman, omsett av Olaug Nilssen

Pressemelding -

Ny bok om autisme "Kunsten å feike arabisk" av Lina Liman, omsett av Olaug Nilssen

Lanseringsarrangement: Litteraturhuset i Oslo onsdag 29.9. kl 19. Omsetjar av boka, Olaug Nilssen, i samtale med Lina Liman. https://litteraturhuset.no/arr...

I 32 år lever Lina Liman med autisme utan å vite om det. Men ho veit at det er noko som ikkje stemmer. Ho lærer seg å feike for å passe inn, ho speler normal, heilt til det ikkje lenger går.

Då journalisten og forfattaren Liman fekk diagnosen som vaksen, hadde ho vore pasient i psykiatrien i sju år. Ho hadde møtt nesten hundre legar, vore tvangsinnlagd og gått på sterke medisinar. At det tar svært lang tid før ei kvinne med autisme blir greidd ut, er ikkje uvanleg. Ofte blir autisme hos kvinner ikkje oppdaga i det heile tatt.

Kunsten å feike arabisk. Ei fortlejing om autisme
er ei gripande og engasjerande forteljing om korleis det er å leve med autisme, og korleis ein diagnose kan forandre livet.

Boka er omsett til norsk av Olaug Nilssen som har skrive om autisme i romananeTung tids tale og Yt etter evne, få etter behov 


Lina Liman (f. 1980) er journalist med bakgrunn frå Dagens Nyheter og Östgöta Correspondenten. Ho har også skrive den sjølvbiografiske När mörkret kom - en bok om anorexia (2000). Sjølvbiografien Konsten att fejka arabiska kom i 2017.

Sagt om Kunsten å feike arabisk:
«I Kunsten å feike arabisk skisserer Liman ei kronologisk forteljing om livet sitt med personlege skildringar av korleis autismen hennar kjem til uttrykk. [...] [Ho gjer] ein viktig folkeopplysingsinnsats. Utan å forenkle avdramatiserer ho autisme.»
Anna Andersson, Aftonbladet

«Autismens paradoks, fabelaktig fortalt.»
Anders Kapp, Kapprakt

«Liman skriv seg, både pedagogisk og poetisk, gjennom barndommen, tenåra, anoreksien og alle forsøka sine på å prestere og vere «normal» [...] Kunsten å feika arabisk skriv seg inn i ein tradisjon av tekstar om kvinneleg psykisk, ofte misforstått, liding.»
Maria Edström, Expressen

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO