Monica Laupsa debuterer med ein engasjerande fotballroman for ungdom
Monica Laupsa debuterer med ungdomsboka Førstetouch, ein aktuell og engasjerande roman om fotball, forelsking og fordommar.
Monica Laupsa debuterer med ungdomsboka Førstetouch, ein aktuell og engasjerande roman om fotball, forelsking og fordommar.
Prisvinnar Tone E. Solheim er aktuell med ei klok og varm ungdomsbok om drikkepress, ansvar og det å miste kontrollen. Promille er den tredje romanen hennar.
Anders Totland er aktuell med heile fire bøker i ein ny serie for barn frå 6 år, Katastrofedagbøkene. Serien følger ni år gamle Samson, som stadig hamnar i trøbbel sjølv når han meiner det godt. Med fart, humor og akkurat passe actionfylt spenning treffer bøkene mange av dei nyaste lesarane.
Hanna og farfars krimgåter er ei spennande, humoristisk og varm serie for alle barn frå 6-12 år. Ein stille natt skjer det eit innbrot på Elkjøp. Tjuven får med seg to pakker Snickers. Kven er denne mystiske tjuven, er det eit godteriglad barn? Men korfor har han i så fall skjegg? Og korleis klarar han å klatre heilt opp til 2. etasje? Dette er ei sak for Hanna og farfars detektivbyrå!
Samlaget lanserer tre nye lettlest-bøker av Anna Folkestad om blekksprutar, edderkoppar og dovendyr 29. mai. Bøkene inneheld overraskande fakta og er illustrerte for å inspirere ferske lesarar. Serien er ein del av Leseland for barn som lærer å lese.
Sigmund Løvåsen er aktuell barneboka Flaumen, ei morosam og dramatisk historie om ville naturkrefter og sjarmerande overmot. Boka er illustrert av Kristoffer Kjølberg.
Ny bok frå Sunniva Relling Berg. "Polarnatt" er tredje bok i "På flukt"-serien for ungdom
Vakker og poetisk bildebok signert Brynjulf Jung Tjønn og Skinkeape, om forholdet mellom ein far og ei dotter og om å forstå at verda er større enn ein først hadde trudd. "Kva tenker du på?" kan lesast som ei forlenging av Tjønn sine diktsamlingar for vaksne, men sett frå eit barns perspektiv.
Marthe Holien Bø debuterer som barnebokforfattar med den sjarmerande og hjartevarme boka Ni løgner og jakta på eit smil. Boka handlar om sorg og venskap, og er illustrert av Tiril Valeur.
Årets festspeldiktar og Jakob og Neikob-skapar Kari Stai er aktuell med ny bildebok for barn. "Er det sant at" handlar om å bere på historier. Det er ei forteljing om fedrar, sakn og kjærleik.
I boka Sjølvmordsforsøket. Livet før og etter fortel Oddvar Vignes ufiltrert om si eiga livskrise.
Lansering 18. august.
Sommaren 2009 trudde 29 år gamle Oddvar Vignes at han hadde funne løysinga på alle problema han sleit med. Han bestemte seg for å ta sitt eige liv. Etter den avgjerda kjende han ein stor lette. Oddvar hadde rota økonomisk, han hadde ikkje fullført noka utdanning, kjende se
Therese Garshol Syversen (f.1988) debuterer med ein modig og utfordrande roman for ungdom om ein familietragedie og vegen ut av mørkeret.
Lanseringsarrangement: Litteraturhuset i Oslo onsdag 29.9. kl 19. Omsetjar av boka, Olaug Nilssen, i samtale med Lina Liman. https://litteraturhuset.no/arr...
I 32 år lever Lina Liman med autisme utan å vite om det. Men ho veit at det er noko som ikkje stemmer. Ho lærer seg å feike for å passe inn, ho speler normal, heilt til det ikkje lenger går. Då journalisten og forfattaren Liman fekk diag
Sidan 2001 er delen fattige barn meir enn tredobla i Noreg. Korleis opplever ein fattigdom i verdas rikaste land? I den nye boka Vi, dei fattige. Åtte forteljingar om barnefattigdom fortel Maria Lavik frå denne verkelegheita.
Lanseringsarr. på Månefisken i Oslo 13.8.: https://bit.ly/37AJ3Fu
Digitalt lanseringsarr. på Facebook: https://bit.ly/3fVmzDN
Lanseringsarr. på Arendalsuka: https:/
Rønnaug Kleiva er aktuell med ny roman for ungdom om psykisk sjukdom og sterke familieband.
I år blir Kari Veiteberg, den første kvinnelege biskopen i Oslo, 60 år, og det er også 60 år sidan den første kvinnelege presten vart ordinert i Noreg.
Vi lanserer no samtaleboka -Eg hadde ikkje orka Gud utan Jesus. Seks samtalar og eit isbad med biskop Kari Veiteberg av Sigri Sandberg.
I boka snakkar prestedotter og agnostikar Sandberg med Veiteberg om oppvekst, om å vere kvinne og prest,
I den nye romanen Ho er fri skriv Ingvild Holvik med det nye arbeidslivet i Europa som ramme. Ein kvardag som gjer at familiar vert splitta og lever usikre jobbliv på ulike kantar av kontinentet.
Andrea bur i utkanten av Europa, i ein halvt ungarsk, halvt serbisk by, der ho tar seg av mor si, sonen János og hunden Emma. Men ting er i endring i heimbyen. Mannen og dottera har flytta til Sverige
Peter F. Strasegger ungdomsbokdebuterer med ein rå og brutal, men også varm ungdomsroman om å flytte til ein ny stad og sette seg i respekt i det nye miljøet.
Helene Guåker er aktuell med ei intens og sterk ungdomsbok om å ha ei mor som er psykisk sjuk.
Kristina Leganger Iversen er 28 år, bur i ei toroms leilegheit og har ei mellombels stilling ved universitetet. No lurer ho på om ho har lyst på barn. Men å bli mor er ei livsomveltande endring ho ikkje aner konsekvensane av – for kven blir ein om ein blir mor?
Politikarar og forskarar roper med jamne mellomrom varsku over låge fødselstal, barnlause menn og gamle førstegongsmødrer. Alderen på f