Gå videre til innhold
Ny bok om Bibelens kvinner

Pressemelding -

Ny bok om Bibelens kvinner

Bibelens kvinner. Historiene som forma verda av Alf Kjetil Walgrmo er ei kunnskapsrik og vakkert illustrert bok om alle bibelkvinnene. Ho gir oss ei innsiktsfull og fengande innføring i korleis dei ulike kvinnene trer fram i bibelteksten, biletkunsten og i litteratur, musikk og film. Forfattaren teiknar eit kraftfullt bilete - av kvinner som har forma verda slik vi kjenner henne. 

Visste du at Judit måtte slå to gonger med sverdet for å kappe hovudet av hærføraren Holofernes? At Rebekka førte mannen sin bak lyset av rein morskjærleik? Eller at den prostituerte Rahab berga livet ved å fire spionar ut av vindauget?

Bibelen er full av modige, smarte og kreative kvinner, og nokre sleipe og skruppelause. Jael tek livet av ein stolt krigar ved å køyre ein teltplugg gjennom tinningen hans. Ester reddar folket sitt ved å invitere kongen på fest. Sara ler av Gud då ho får vite at ho skal bli mor som nittiåring

I alt finst det fleire hundre kvinner i Bøkenes Bok. Nokre har vi høyrt om før, som dronninga av Saba og jomfru Maria. Andre veit vi mindre om, som Jokebed og Hulda. 

Alf Kjetil Walgermo (f. 1977) kjem frå Sunnmøre og er busett i Oslo. Han har skrive fleire kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne og er omsett til ei rekkje språk. Dei enkeltståande bøkene Mor og far i himmelen, Mitt bankande hjarte og Kjære søster kan lesast som ein trilogi om eksistensielle spørsmål. I 2017 gav han ut Røff guide til Bibelen og i 2018 Du som er i himmelen.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO