Gå videre til innhold
Foto: Cecilie Seiness
Foto: Cecilie Seiness

Pressemelding -

Ny bok om biskop Kari Veiteberg; -Eg ville ikkje orka Gud utan Jesus

I år blir Kari Veiteberg, den første kvinnelege biskopen i Oslo, 60 år, og det er også 60 år sidan den første kvinnelege presten vart ordinert i Noreg.

Vi lanserer no samtaleboka -Eg hadde ikkje orka Gud utan Jesus. Seks samtalar og eit isbad med biskop Kari Veiteberg av Sigri Sandberg.

I boka snakkar prestedotter og agnostikar Sandberg med Veiteberg om oppvekst, om å vere kvinne og prest, om ei kyrkje og ei verd i endring, om himmel og håp og det heilage. Veiteberg er kjend for sitt sterke sosiale engasjement. Ho har jobba blant uteliggjarar og rusavhengige, og som biskop opna ho ei kyrkje nattetid for heimlause.

Dei kjem også inn på den underlege tida vi lever i. For no herjar koronaen, naturen kollapsar, klimaet blir endra, fundamentalistar krigar, det offentlege ordskiftet hardnar, og det blir stadig fleire flyktningar. Noreg er eit av dei mest sekulariserte samfunna i verda, men har trua noko å gje oss i krise og kvardag som vi ikkje finn andre stader? I så fall kva? Kva trur biskopen i Oslo sjølv? Og kven er ho?

Kari Veiteberg (f. 1961) er biskop i Oslo. Ho er frå Stord, har doktorgrad i teologi og mellomfag i teatervitskap. Ho har skrive fleire artiklar og bøker, mellom anna Bibelens
kvinner og Evas døtrer. Ho har vore synleg som prest og biskop i både radio og TV, ho har jobba både som prest i Kirkens Bymisjon og undervist i ulike teologiske emne.

Sigri Sandberg (f. 1975) er journalist, prestedotter og agnostikar. Ho har jobba for norsk presse i over 20 år og gjeve ut 15 bøker, flest om natur, klima og menneske.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO