Gå videre til innhold
Ny bok om den språklege tilstanden i Noreg, "Draumen om målet" av Ottar Grepstad

Pressemelding -

Ny bok om den språklege tilstanden i Noreg, "Draumen om målet" av Ottar Grepstad

I Draumen om målet-tilstandsrapportar frå Norge og Noreg gir den profilerte språkpolitikaren Ottar Grepstad påliteleg informasjon og nye tenkjemåtar om språk i Noreg. Direktøren ved Nynorsk kultursentrum gir seg ikkje før han har funne dei avgjerande fakta eller dei ukjende historiene. Boka er blitt til over tolv år som årstalar om den språklege tilstanden i Noreg. Dette er både ein journal frå 2000-talet og historiske perspektiv på ei samtid vi trudde vi kjende. I det siste kapitlet samlar forfattaren trådane til ein sterk argumentasjon for nynorsk i det språklege mangfaldet. Draumen om målet er skriven med den overraskande snerten og dei leikande sentensane som er Grepstads litterære vassmerke, og som fekk kritikarane til å rose bøker som Viljen til språk (2006) og Avisene som utvida Noreg (2010). Boka er eit viktig innspel i debatten om det norske språket ved inngangen til Språkåret 2013.

Lanseringsdato 27.9.

I morgon 26.9. held Ottar Grepstad sin siste årstale om tilstanden for det norske språket  i Aasen-tunet i Ørsta. Boka inneheld alle tolv talane, inkludert denne siste.

Ottar Grepstad (f. 1953) har vore direktør i Nynorsk kultursentrum sidan 1999, hovudredaktør for nettleksikonet Allkunne frå 2007, kulturkommentator i Dagens Næringsliv frå 2008 og styreleiar i Språkrådet frå 2010. Grepstad var redaktør i Syn og Segn 1984–1988 og forlagsredaktør, redaksjonssjef og assisterande forlagssjef i Det Norske Samlaget 1980–1994. Han har skrive eller redigert meir enn tjue bøker.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO