Skip to main content

Ny bok om det livsviktige mørket

Pressemelding   •   feb 11, 2019 11:22 CET

I si nye bok "Mørke. Stjerner. redsel og fem netter på Finse" skriv Sigri Sandberg om kor viktig mørket er, for oss menneske, dyr og alt som lever. 

Vinteren i Noreg er lang og svart. Eller er han eigentleg det? To tredelar av nordmenn bur no slik at dei ikkje kan sjå Mjølkevegen. Det blir stadig fleire gatelykter, utelys og skjermar. Kva gjer alt dette kunstige lyset med oss menneske, med dyra og alt som lever?

Sigri Sandberg har alltid vore mørkredd. Ho dreg aleine til fjells vinterstid for å finne ut meir om mørket og eigen redsel. Vi møter også ei anna kvinne, Christiane Ritter, som overvintra i ei fangsthytte på Svalbard i 1934.

Sandberg skriv om kva som skjer i kroppen når det blir natt. Ho fortel om søvn, stjerner, svarte hol, nordlys og mørketid, men også om himmellover og den globale kampen for nattehimmelen. Kanskje er det slik at dette mørket Sandberg er så redd for, er mykje viktigare enn vi trur? 

«Sandbergs bok er både aktuell og vakker, og føyer seg inn i rekken av sakprosa som poengterer hvor viktig naturen, stillheten - og nå mørket - er for oss.»

Janne Bjørgan, Bergensavisen

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks <a href="https://www.mynewsdesk.com/no/about/terms-and-conditions/privacy_policy">Personvernerklæring</a>.