Gå videre til innhold
Foto: Sara Berntsen/Samlaget
Foto: Sara Berntsen/Samlaget

Pressemelding -

Ny bok om drapsforsøket på William Nygaard med kritikk mot politiet, politikarane og pressa.


30 år har gått sidan drapsforsøket på forlagssjef William Nygaard. I boka Blodspora frå Dagaliveien. Rushdie-saka og attentatet mot William Nygaard som kjem 10. oktober, tek gravejournalisten Odd Isungset oss med på ei reise til Iran, Libanon, Tyskland, Frankrike, USA, Italia og Storbritannia i jakta på å forstå og analysere det som har hendt sidan ayatolla Khomeini kunngjorde dødsdommen over Salman Rushdie i 1989.

Lanseringsarrangement på Litteraturhuset i Oslo: https://www.facebook.com/event...

I boka nøstar Isungset opp dei lause trådane i ei dramatisk krimforteljing som handlar om svakt politiarbeid, politisk feigskap og manglande journalistisk interesse for ei av dei viktigaste ytringsfridomssakene i vår tid.

– Dette dreiar seg om noko langt større enn ei vanleg kriminalsak. Det var ingen soloterrorist som ville drepe forlagssjefen. Det var statsterrorisme, seier Isungset.

Politiarbeidet

I boka fortel forfattaren om den eine polititabben etter den andre i løpet av dei 30 åra som har gått: svikt i grensekontrollen, avhøyr på avvegar og taktiske og juridiske feil då ein mistenkt blei arrestert i Pakistan. Det toppa seg i 1998 då kriminalsjefen lauslét ein mistenkt som var arrestert etter ein nøye planlagd arrestasjon, utan at juristen og dei som skulle avhøyre den arresterte, blei konsulterte. I boka kjem Isungset med nye opplysningar om denne episoden.

Skota i Dagaliveien

Isungset var på vakt i Dagsnytt den dagen fatwaen blei kunngjord, og vart send ut for å dekke møtet i det islamske forsvarsrådet då dei skulle drøfte kva dei ville gjere for å hindre at Sataniske vers kom ut på norsk.

Nokre dagar seinare gjekk 3000 muslimar i tog i Oslo med krav om å forby boka. Aschehoug framskunda publiseringa. Få dagar etter at boka kom ut, blei to bokhandlar sette i brann.

Tidleg om morgonen 11. oktober 1993 blei forlagssjef William Nygaard ramma av tre kuler med ekspanderande ammunisjon. Men politiet makta ikkje å finne ut kven som stod bak ugjerninga.


Bortlagd og gjenopna

I 2007 blei saka lagd bort utan at korkje Nygaard eller det offentlege Norge fekk vite om det. Etter at Isungset laga ein kritisk TV-dokumentar om saka i 2008, blei saka gjenopna og flytta til Kripos. Der jobbar dei framleis med den uløyste kriminalsaka. Rett før foreldingsfristen i 2018 sikta Kripos libanesaran Khaled Moussawi og den tidlegare iranske diplomaten Mohammed Nikkhah for medverking til drapsforsøk.

– Eg synest det er oppsiktsvekkande at ein iransk diplomat er sikta for drapsforsøk på norsk jord. Det er i realiteten eit utslag av statsterrorisme, og eg er forundra over kor lite engasjement ei slik opplysning har resultert i, seier Isungset.

Odd Isungset (f. 1955) er journalist og forfattar. Han har tidlegare vore redaktør i Brennpunkt og Dokument 2 og har fått Den store journalistprisen, Fritt Ords honnørpris og SKUP-diplom for sitt arbeid med Nygaard-saka. Det er i stor grad Odd Isungsets iherdige journalistiske gravearbeid som gjorde at saka blei gjenopna i 2009.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO