Gå videre til innhold
Ny bok om Jakob og Neikob

Pressemelding -

Ny bok om Jakob og Neikob

Jakob og Neikob. Stormen av Kari Stai er den sjette boka i den populære og prisvinnande bokserien om Jakob og Neikob. Dette er ei aktuell bok som set fokus på klimaspørsmålet og overforbruk for dei minste lesarane.

Jakob og Neikob møter Spinnvill som kan lage alt mogleg på fabrikken sin. Dei blir imponerte og fyller opp huset med billass av alt mogleg. Men kor skal Neikob få plass til pusterommet og boltreplassen no? Då Stormen kjem og tek Jakob og Neikob opp i lufta, oppdagar dei noko dramatisk. Kloden har forandra seg. Han er full av søppel.

Då skjøner dei at dei må hjelpe Spinnvill. No veit dei akkurat kva ho må lage i fabrikken sin.

-Eg håpar Stormen kan bidra til refleksjon kring natur og kultur, kva vi treng og ikkje, og korleis vi brukar ressursar, seier forfattar og illustratør Kari Stai om utgivinga.

Kari Stai (f. 1974) er forfattar og illustratør, aller mest kjend for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til fleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater.

Den første boka i serien, Jakob og Neikob, kom i 2008 og fekk Kulturdepartementets debutantpris. I 2012 fekk ho både Brageprisen og Kritikarprisen for Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO