Gå videre til innhold
Portrettfoto Lantto: Kristian Nygård. Portrettfoto Kuhn: Tove K. Breistein

Pressemelding -

Ny bok om Kåre og Marimba frå forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn blir lansert 08.04.

Fantasileik og skaparglede.

Kåre og Marimba er bestevener sjølv om dei har veldig ulike interesser. Men begge to vil gjerne bygge noko nytt og spennande! Kanskje finne opp noko som ingen andre har tenkt på før? Heldigvis har dei ein nabo som har hagen full av skrot og krimskrams. Han heiter Mastrojanni og er kanskje eit stort geni eller kanskje ein mislykka oppfinnar. Saman bestemmer dei seg for å lage ei maskin som kan lage alt mogleg rart, til dømes austeuropeiske vræleugler eller iskrem med hundre ulike smakar. Men medan dei mekkar på maskina, er det nokon som lurer i buskane. Kven kan det vere?

Markus Lantto og Camilla Kuhn er tilbake med ei ny, heilsprø historie om radarparet Kåre og Marimba. For den førre boka, Kåre og Marimba hjelper til, fekk dei Kulturdepartementets bildebokpris og Nynorsk barnelitteraturpris.

Related links

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Kåre og Marimba finn... Kuhn og Lantto.png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 2 MB
    Last ned
  • 02 - Camilla Kuhn - svart-kvitt (c) Tove Breistein.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5760 x 3840, 7.8 MB
    Last ned
  • FotoPerKristianNygård.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3744 x 5616, 3.53 MB
    Last ned
  • 9788234015359 Kåre og Marimba finn ein oppfinnar.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3405 x 4397, 718 KB
    Last ned