Gå videre til innhold
Ny bok om matmakt i Noreg

Pressemelding -

Ny bok om matmakt i Noreg

Siri Helle er aktuell med boka Matmakt på butikken. Noreg har den mest konsentrerte daglegvaremarknaden i Europa. Tre daglegvarekjeder leverer nittini prosent av maten vi et, og makta til daglegvarekjedene gjeld ikkje berre mellom reolane. Daglegvarekjedene styrer alt frå småbyestetikk og pizzakjeder til dyrevelferd i hønsehuset.

Nordmenn handlar mat ofte. Tre av fire husstandar handlar fleire gongar i veka, medan berre éin prosent handlar sjeldnare enn éin gong i veka. Trur du at du sjølv bestemmer kva som hamnar i handlekorga di, kva du skal ha til middag i dag? Denne boka får deg til å tru om att. Før vi får sjansen til å velje noko som helst, er ei rekkje val allereie gjorde. Og ikkje alle er gjorde med ditt og mitt beste som føresetnad. På ein tur gjennom ein daglegvarebutikk syner Siri Helle korleis vala vi gjer, er styrte frå inngangsdøra til kassa.

Vi klarer oss ikkje utan mat og har ikkje anna val enn å handle hos ei av desse tre kjedene. Det er på tide å finne ut kva dei eigentleg driv med.

Boka er ein del av serien Norsk røyndom.

Siri Helle: helle.sirihelle@gmail.com

Siri Helle (f. 1982) er utdanna agronom i økologisk landbruk frå Sogn jord- og hagebruksskule. Ho har arbeidd som avløysar og gardsarbeidar, og har fast matspalte i avisa Dag og Tid.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO