Gå videre til innhold
Ny bok; "Stress og korleis leve med det"

Pressemelding -

Ny bok; "Stress og korleis leve med det"

I den nye boka Stress og korleis leve med det undersøker journalist og forfattar Anne Gunn Halvorsen kvifor  vi er så stressa, og kva kan vi gjere med det.

Stressfest/lanseringsfest 3.4. kl 18 på Bortenfor, Brenneriveien 7.

Halvorsen, forfattaren av den kritikarroste boka Livet og korleis leve det (2017), har prøvd å finne ut kva som gjer at vi kavar oss opp, blir stressa og utbrente. Kvifor blir folk så slitne, og kven sin feil er det eigentleg?

Forfattaren dreg ut på ei journalistisk reise i det norske stresset og kjem attende med ei rekkje gode tips og observasjonar om tida vi lever i.

Det handlar om sjukepleiaren som slutta i protest mot systemet, om superlæraren som svikta fordi han ville få til alt. Det handlar om vår indre, strenge stemme og kor den kjem frå. Det handlar om meditasjon og det moglege behovet for ein stor revolusjon. For nokre kan det hjelpe å dusje etter jobb og flytte mobilen ut av soverommet. For andre skal det meir til.

Stress og korleis leve med det er ei konkret handbok i stressmeistring og eit underhaldande augeblikksbilete av tida vi lever i.

Nokre sitat frå Halvorsen i boka: 

-Søvn er den fredelege venninna det er lett å nedprioritere. Ho trengjer seg ikkje på, lagar ikkje noko drama om du flyttar ein avtale. Men så, plutseleg stikk ho.

-Mediter eller finn deg ein annan måte å gjer ingenting på. Kvile er ikkje latskap. Det er klokskap.

-Kroppen er fin, men den er berre ikkje konfigurert for 2019. Det er difor du må ta stresset ditt på alvor. For kroppen din gjer det.

-Samfunnet vil ikkje du skal legge deg, men det må du. Ver ein sovepunkar.

Anne Gunn Halvorsen (f. 1984) kjem frå Vikedal i Rogaland, men bur no i Oslo. Ho har arbeidd som journalist i 15 år, mellom anna i Dagbladet og Dagens Næringsliv. For tida er ho frilansar. Ho er også forfattar av boka «Livet og korleis leve det»

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO