Gå videre til innhold
Ny dokumentarbok: "Revejegerane på Jan Mayen"

Pressemelding -

Ny dokumentarbok: "Revejegerane på Jan Mayen"

Den erfarne journalisten Ole M. Ellefsen fekk ei skattkiste i fanget i form av fleire dagbøker skrivne av fangstmenn som overvintra på Jan Mayen. Den nye boka "Revejegerane på Jan Mayen"er historia om 11 menn isolert på ei aude øy året 1926. Dei skulle fange rev, men enda med å jakte på kvarandre 

Året er 1926. 11 menn er isolert på ei aude øy mellom alt og ingenting. Klippeøya Jan Mayen er nettopp blitt erklært som norsk territorium. Under det ruvande vulkanfjellet Beerenberg skal dei klare seg gjennom vinteren i tronge, små fangsthytter. Målet er å bli rike på revefangst. Vi følgjer karane gjennom vonbrot, krangel og glede. I desembermørket kjem dei svarte tankane. Snart må den eine rømme over fjellet for ikkje å bli slått helselaus. Dei kjem i klammeri om jaktrettane og øydelegg fellene for kvarandre.

Til slutt dreg Hank, cowboyen frå Baltimore, ein Colt .38, klar til å drepe.

Ole M. Ellefsen (f. 1949) har mange år som journalist og forfattar bak seg og er no leiar ved Aalesunds Museum. Han har tidlegare gitt ut bøkene Farefull ferd på Sunnmørskysten og Folket ved
Hustadvika.

 Kontaktinfo til forfattaren: 940 31 583 ol-m-e@online.no

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO