Gå videre til innhold
Ny Dystopia-bok frå dobbel Upris-vinnar Terje Torkildsen

Pressemelding -

Ny Dystopia-bok frå dobbel Upris-vinnar Terje Torkildsen

Terje Torkildsen er no klar med Dystopia IV, den fjerde boka i spenningsserien om syttenåringar frå International School of Stavanger som er på studietur i London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne. Torkildsens bøker treff midt i målgruppa, og han er den einaste ungdomsbokforfattaren som har vunne Uprisen to gonger. Han fekk prisen i vår for den forrige boka i serien, Dystopia III og i 2009 for debutboka si Marki Marco. Det er ungdommar frå heile landet som stemmer fram vinnaren av prisen.

Dystopia-serien er ein actionfylt spennande serie for utolmodige lesarar frå ca. 14 år og oppover. I denne fjerde og siste boka i serien er dei fire gjenlevande ungdomane komne bort frå dei verste flaumramma områda ved kysten. Dei er tilbake i ein sivilisasjon der telefon og internett fungerer, transportnettet er i orden, pengane har verdi og det er varer i butikkane. Men handelsblokaden og mangelen på ID-papir skaper likevel problem for dei. Dei reiser til Victors eksentriske onkel i Berlin for å få hjelp, men er han til å stole på? Og er det verkeleg ingen andre enn dei som veit om diamantane?

Torkildsen har denne veka turnert på ungdomsskular i Oppland, og deltek i helga på eit arrangement på det nyopna Garborgsenteret på Jæren.

Terje Torkildsen (f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco. Torkildsen er utdanna norsklektor, men arbeider i dag som komikar, skodespelar og kulturprodusent. Torkildsen bur i Stavanger.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO