Gå videre til innhold
Foto: Agnete Brun
Foto: Agnete Brun

Pressemelding -

Ny forteljing frå Jon Fosse; "Kvitleik"


Jon Fosse er aktuell med Kvitleik; ei lysande forteljing om grensa mellom liv og død.

Ein mann køyrer av garde utan å vita kvar han skal. Han vekslar mellom å ta til høgre og til venstre og kjem til slutt inn på ein skogsveg med djupe hjulspor. Han stoppar ikkje før bilen står bom fast i ei tuve og kjem korkje fram eller tilbake. Det byrjar å snø, det blir mørkt og kaldt. I staden for å gå etter hjelp går mannen innover på ein sti i skogen. Han gjer det sjølv om det allereie har vorte så mørkt at han knapt ser noko mellom trea, og sjølv om han tenkjer det er toskeskap å gjera slikt.

Fra boka:

«Særleg verre enn dette hadde eg vel aldri oppført meg, fyrst køyre bilen min fast og så gå inn i skogen for å finne hjelp, korleis kunne eg vel koma på tanken at det var hjelp å finne i skogen, i svarte skogen inne, for ein tanke, nei det vart aldeles feil å kalle det for ein tanke, det var meir eit påhitt, noko slikt, eitkvart eg berre hadde kome på. Tullete, var det. Reine toskeskapen. Dumskap. Rein og skir dumskap.»

Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. I snart førti år har han skrive i ulike sjangrar: romanar, dramatikk, lyrikk, kortprosa, essay og barnebøker. Tekstane hans er omsette til over femti språk, og Fosse har fått ei rekkje prisar både i inn- og utland.





Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO