Gå videre til innhold
NY, HISTORISK ROMAN, "RASMUS REBELLEN" AV ØYSTEIN ORTEN

Pressemelding -

NY, HISTORISK ROMAN, "RASMUS REBELLEN" AV ØYSTEIN ORTEN

Det er 1650. Folket i Noreg vert meir og meir tynt av aukande skattar, hardhendt lovpraksis og korrupte futar. På Sunnmøre og i Romsdal manar bondeføraren Rasmus Engelbrektsson Bust (1588–1666) folket til kamp mot overmakta.

Rebellen er ei mektig og særprega historie om Engelbrektsson Bust, som er ein forfader av forfattaren sjølv. Forteljinga er lagd i munnen på fostersonen Aslak, som fortel med eit rikt språk og med stor innleving. Vi får oppleve 1600-talet og kampen småkårsfolket måtte kjempe mot naturen og den politiske overmakta, på nært hald. Denne storslåtte romanen vil ikkje berre appellere til dei som vil lese eit litterært portrett av ein spennande historisk skikkelse, men også til alle som er interesserte i historie.

Øystein Orten (f. 1962) er lektor og forfattar frå Hareid på Sunnmøre. Han debuterte med Havflammen i 1995 og har seinare skrive både lyrikk, romanar og ei dokumentarbok. Han er etterkommar av hovudpersonen i denne romanen, Stor-Rasmus.

Kontaktinformasjon til forfattaren: mobil: 414 28 607 og epost: oeorte@gmail.com

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO