Gå videre til innhold

Pressemelding

Ny novellesamling frå Solfrid Sivertsen

Solfrid Sivertsens nye noveller er sterke og lågmælte, med ein dramatikk som syd under overflata. Nokre av dei har synsvinkelen til barn: ein busstur vekk frå ein alkoholisert far, eit sakn etter ein stefar som er forsvunnen, ei veslesøster som har drukna, ei linje frå ei historie som har sett seg fast i hovudet. Andre noveller krinsar rundt minne som dannar utgangspunkt for historier om eit heilt livsløp: Ei kvinne har flytta heim til mor si etter eit samlivsbrot, ein mann er i ferd med å miste minnet på sjukeheimen, ei kvinne oppdagar at mannen har eit dobbeltliv. Felles for alle novellene i samlinga "Ho sykla bort" er at dei har ein kvardagsleg og nedtona dramatikk, og ei sårheit som skin gjennom hos hovudpersonane.

Solfrid Sivertsen (f. 1947) debuterte i 1986 med novellesamlinga Porselensfiguren. Ho har også skrive romanar, dikt og bøker for barn.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.