Gå videre til innhold
Foto: Sara O. Sanderud
Foto: Sara O. Sanderud

Pressemelding -

Ny og aktuell sci-fi roman frå Uprisen-vinnar Asbjørn Rydland

Upris-vinnar Asbjørn Rydland er tilbake med ein brennande aktuell sci-fi roman for ungdom. I Terra Victoris er handlinga sett til 22.århundret, og vi møter ei verd som har omstilt seg etter ein nær totalkollaps på slutten av 2000-talet. Klimakrisa fekk verdssamfunnet i kne, samtidig som ein ny trussel steig fram: den første kunstige intelligensen. Menneskeslekta stod på kanten av stupet, men med kniven på strupen slo dei rike seg saman og nedkjempa den nye fienden. Krigen enda i Istanbul, og det er her vi møter norske Ingrid, som skal besøke onkelen sin. Den lokale guten Zeki leitar etter ei sakna venninne, og etter kort tid kryssar vegane deira seg, og dei blir kasta ut i eit kappløp der sjølve verdssamfunnet står på spel. For falne fiendar kan reisa seg igjen.

Rydland har ønskt å skrive ein klima- og teknologioptimistisk bok, og resultatet er Terra Victoris, ein aktuell science fiction om kva som kan skje når menneska leiker gud.

Asbjørn Rydland debuterte i 2010 med første bok i fantasyserien Drakeguten, som han fekk både Nynorsk barnebokpris og Fabelprisen for. For romanen Galderstjerna vann han Uprisen i 2017, han blir rekna som ein av dei fremste forfattarane av norsk fabelprosa. Rydland (f.1976) kjem frå Seim i Vestland, og bur i Oslo.

Related links

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Rydland, Asbjørn_(C)Sara Olivia Sanderud
    Rydland, Asbjørn_(C)Sara Olivia Sanderud
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5616 x 3744, 8.59 MB
    Last ned
  • 9788234007965 Terra Victoris Framside C
    9788234007965 Terra Victoris Framside C
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1585 x 2474, 7.31 MB
    Last ned