Gå videre til innhold
Ny, personleg roman frå Sigrun Slapgard

Pressemelding -

Ny, personleg roman frå Sigrun Slapgard

Forfattar og journalist Sigrun Slapgard er klar med ny roman, Englestien, delvis basert på hennar eige liv.

Julie Dalgård har alltid hatt eit nært forhold til veslebroren. I alle år har Julie og Lasse dratt ut på ekspedisjonar, eit fellesskap med fantasifull leik og røff humor. Lasse var to år då dei mista mora, Julie var tretten og uvillig til å ta morsrolla. Ho ber på ei skuldkjensle for at ho valde sitt eige ungdomsliv og reiste frå veslebroren. Og når Lasse får ein alvorleg kreftdiagnose, blir Julie fanga av tanken om å ta han med tilbake til barndomstraktene for å vekke kamplysta.

Englestien er ein roman om ei søster og ein bror som trassar ein dødsdom og legg ut på ei vandring i landskapet frå barndommen. For ein gongs skuld skal ho ikkje reise frå han. Lasse, derimot, prøver å få Julie til å gi slepp, for denne gongen er det han som må reise frå henne. 

Slapgard seier dette om bakgrunnen for boka: 

- Eg levde eit dobbeltliv. I det ytre var eg programleiar i Urix og engasjert utanriksreporter i NRK, opptatt av menneskerettssaker og lagnaden til Ingrid Betancourt i Colombia. 

På skjermen var Slapgard sminka og kjekk i tonen, men i det private gjennomgjekk ho den såraste kampen i sitt liv. 

-Min kjære veslebror, som eg var ei slags mor for, kjempa for livet. Og eg som elles er opptatt av sanning, gjekk inn i ei fase av full fornekting, For å knytte han til livet fortalde eg alle dei muntre historiene han ikkje hugsa. Det eg ikkje kunne fortelje skreiv eg ned. 

Englestien er ein frittståande oppfølgjar til Paradishagen.

Sigrun Slapgard (f. 1953) er forfattar og arbeider også i NRKs utanriksredaksjon. Ho blei nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen for Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindbæk (2002), og har også skrive biografien om Sigrid Undset (Dikterdronningen, 2007). Paradishagen i 2011 var den første romanen hennar.


Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.