Gå videre til innhold
Ny roman for ungdom frå Nordisk råds-nominerte Peter F. Strassegger

Pressemelding -

Ny roman for ungdom frå Nordisk råds-nominerte Peter F. Strassegger

Peter F. Strassegger blei nominert til Nordisk Råds barne- og ungdomslitteraturpris og Uprisen for sin førre ungdomsbok Aleksander den store. No er han tilbake med ein ny roman for ungdom som tek utgangspunkt i same tematikk og landskap: gutar som fell utanfor i ei lita vestlandsk bygd. Kan ein forstå utagerande åtferd hos ungdom på ein annan måte enn gjennom fordømming?

I årets roman, Kvil i fred, møter vi Per og kameraten Oskar. Dei går i tiande klasse og stel øl, taggar og slåst. Heime slit Per og faren med sorga etter at mora døydde. Kvifor klarar dei ikkje å snakka om det som har skjedd? Og kvifor er Per sint på faren? Per og Oskar røyker hasj og køyrer bil ulovleg. Så ein dag blir dei tekne av politiet, som ber dei om å ta eit oppgjer med det livet dei har levd til no. Men Per er ikkje klar for å leggja alt bak seg enno. Han må ta eit anna oppgjer først. Eit oppgjer som han kanskje vil angra på. Men han må. Noko driv han, han får ikkje fred. Kven er det som ikkje kviler i fred?

Kvil i fred er bok nummer to i ein planlagt trilogi om dei mørke og antisosiale sidene ved det å vere ungdom, og som opnar for refleksjon om kvifor nokre gutar tyr til vald.

Peter F. Strassegger (f.1984) er fødd i Graz, Austerrike og bur på Bryne, der han jobbar som psykolog. I 2012 blei han tildelt Tarjei Vesaas ́ debutantpris for romanen Stasia. For ungdomsromanen Aleksander den store blei han nominert til Nordisk råds litteraturpris og Uprisen.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO