Gå videre til innhold
Foto: Studio Hjelm
Foto: Studio Hjelm

Pressemelding -

Siste bok i kritikarrost og prisnominert trilogi for ungdom

Peter F. Strassegger har gjort stor suksess med ungdomsbøkene Aleksander den store og Kvil i fred. Førstnemnde blei nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris og Uprisen. Også bok to i serien, Kvil i fred, blei nominert til Uprisen. Med Keisar Augustus fullfører Strassegger den kritikarroste Råskapstrilogien om vald, rus og utanforskap.

I Keisar Augustus møter vi August og mora som flyttar til mora si heimbygd. Bygda er for tida snudd på hovudet etter ein periode med aukande ungdomskriminalitet. August blir kjend med Per og Oskar, som gradvis dreg han inn i ei verd prega av rus, vald og steling. Men så dukkar Aman opp. Sjølv om han òg gjer ulovlege ting, har han eit større perspektiv på livet enn Per og Oskar. August må ta eit val om kva slags liv han vil leve vidare. Vil han følgje sporet til Per og Oskar og rømme frå vanskane sine gjennom rusen? Eller klarar han å ta lærdom av kameratar som Aman?

Keisar Augustus handlar om ungdomskriminalitet og påverknad, men også om å ta val og å ta ansvar for livet sitt. For sjølv om ein er i trøbbel, finst det alltid ei moglegheit til å få det betre, også når livet er på sitt mest intense.

Strassegger er forfattar og psykolog, og han er opptatt av å utfordre dei unge lesarane til å tenke sjølv om kva som er rett og galt, utan å moralisere.

Related links

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Relatert innhold