Gå videre til innhold
Ny roman frå Elena Ferrante kjem 1. september

Pressemelding -

Ny roman frå Elena Ferrante kjem 1. september

Elena Ferrantes nye roman Dei vaksnes løgnaktige liv kjem på norsk 1. september. Det er nettopp klart at Netflix skal produsere ein tv-serie basert på boka i samarbeid med det italienske produksjonsselskapet Fandango. 

Om Dei vaksnes løgnaktige liv

I eit stort familieselskap oppdagar ungjenta og einebarnet Giovanna at den nære familievennen og faren til to av hennar beste venner beinflørtar med mor hennar. Denne vesle detaljen, to par bein vikla saman under eit stuebord, blir starten på ein eksplosjon som skal øydelegge to familiar og dramatisk endre barnas oppvekst.

Elena Ferrante er ein av vår tids største forfattarar. Med Napoli-kvartetten gjekk ho tett på kvinners liv og vilkår i det 20. hundreåret og skildra vennskap på ein måte som manglar sidestykke i litteraturhistoria.

I «Dei vaksnes løgnaktige liv» held ho fram med å utforske kva det vil seie å vere menneske. Denne gongen er handlinga lagd til eit middelklassemiljø i Napoli i 1990-åra. Ferrante legg opp til eit stort og tett familiedrama om identitet og klasse, sanning og løgner, relasjonar og generasjonar. Kristin Sørsdal er omsetjar. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO