Gå videre til innhold
Ny roman frå Jan Roar Leikvoll, "Songfuglen"

Pressemelding -

Ny roman frå Jan Roar Leikvoll, "Songfuglen"

Jan Roar Leikvoll som nylig fekk både Stig Sæterbakkens minnepris og Bokhandlarstipendet er klar med sin fjerde roman, Songfuglen.

Sidan han vart fødd, har Jakoba levd som ei jente. Han har vakse opp hos mor og tante i ein by der det berre bur kvinner. No er han i ferd med å bli ein ung mann, og han får kjensler for ei jente. Det blir stadig vanskelegare å halde løyndommen skjult, men kanskje talentet kan redde han: Ingen syng så vakkert som Jakoba, og han begynner i lære hos den beste songlærarinna i byen. Samstundes, på andre sida av juvet, djupt inne i skogen, truar brøla frå mennene.

Songfuglen handlar om einsemda som oppstår når verda ein trudde var trygg og meint å vare
for alltid, viser seg å vere både farleg og umuleg.

Nok ein gong skaper Leikvoll eit univers der heilt eigne reglar og livsvilkår rår for menneska. Songfuglen skildrar brutale og rå eksistensar, men er samstundes ført i eit omsorgsfullt og kjenslevart språk. Resultatet er skakande og vakkert på same tid.

Lanseringsdato 26.9.

Jan Roar Leikvoll (f. 1974) skriv originale romanar der yttergrensene av menneskeleg erfaring
blir skildra med nådelaus realisme. Han debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008, deretter kom Fiolinane (2010) og Bovara (2012). Romanane har fått strålande kritikkar, og Leikvoll blir hylla som ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i norsk litteratur.


Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO