Gå videre til innhold
Ny roman frå Mona Høvring; "Soga om Fråid"

Pressemelding -

Ny roman frå Mona Høvring; "Soga om Fråid"

Tenåringen Fråid styrer huset i Urskogen 13 saman med storebroren Terje Eddipus og veslesøstera Eva, medan skipperfaren Vulgaris er ute på sine seilasar. Men ein dag kjem faren heim med ei stemor til ungane, Demona de Sjavy. Ho rokkar ved familiedynamikken, og alle må forholde seg til hennar labile humør. Men Fråid trivst med dei nye, kaotiske kvardagane. Han er fascinert av det uredde ved stemora, og kjenner samstundes omsorg for henne. Etter ei mislykka deltaking på eit foreldremøte, går Demona i kjellaren, og Fråid får for seg at han skal vere den første til å klare å lokke latteren ut av henne.

Mona Høvring sin eksplosive roman teiknar eit varmt og innsiktsfullt portrett av ein heilt vanleg uvanleg familie. Soga om Fråid handlar om å finne ut av det å vere ein familie, om sakn og draumar, og om fridomen til å kunne vere den ein helst vil vere - og ønsket om å få vere sola til eit anna menneske.

Mona Høvring
(f. 1962) debuterte i 1998 med diktsamlinga IIK!! Ein dialog. Bøkene er omsett til mange språk og har mottatt fleire prisar.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO