Gå videre til innhold
Ny roman om då kongen gjekk over til nynorsk

Pressemelding -

Ny roman om då kongen gjekk over til nynorsk

Gamle menn i syningom av Arnfinn Kolerud er ein roman som går all in i den norske språkstriden.

Vi er i ei nær framtid, og berre ein siste, liten, trassig landsby i nordvest klamrar seg til nynorsken.

Ungdomen i Vassbygda tar likevel high five når dei møtest , og dei har ingenting i mot å chille med slush og fluffy cupcakes og flip-flops to go. Men brått vaiar eit dansk flagg over slottet i hovudstaden - og ein fornærma konge sjokkerer med å gi eit intervju på nynorsk. Bendik Uføre og Enella Frø må reise til hovudstaden for å sjå kva som skjer. Er dette den store sjansen deira til å gjere nynorsken in igjen?

Samtidig får steinkunstnaren Ragnar Åheim eit nynorsk berg til å opne seg, og da skal vel også dører opne seg og hjarta opne seg og draumen opne seg, slik at nynorskingane kan glida inn på ein våg dei ikkje har visst um?

Arnfinn Kolerud
(f. 1968) kjem frå Isfjorden i Romsdal. Han debuterte i 1996 og har seinare skrive bøker for både barn, unge og vaksne. Gamle menn i syningom er tredje og siste bok i trilogien om Vassbygda og fortel vidare om språkstriden frå Når ein først skal skyte nokon (2010) og Kom ikkje inn i mitt hus (2012).

Emner

Regions

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO