Gå videre til innhold
Ny roman om desperat kjærleikssorg - "Lucida" av Erlend Flornes Skaret

Pressemelding -

Ny roman om desperat kjærleikssorg - "Lucida" av Erlend Flornes Skaret

Driven av ein draum om gjenerobring forlèt den unge kunstnaren Robert Frahm Oslo og reiser til Syden, til Costa de la Luz, for å oppsøkje den tidlegare kjærasten sin, Maya Mesic. Han tar inn på eit hotell der turistlivets intime trivialitetar snart får han til å dele heile kjærleikshistoria si med ei gruppe tyske pensjonistar. Medan han førebur den store framstøyten for å vinne Maya tilbake, går dei tragiske realitetane gradvis opp for han: Ho kan allereie vere tapt.

I sin nye roman Lucida skildrar Flornes Skaret kjærleiksbrotets brutale etterdønningar med språkleg sikkerheit, særmerkt observasjonsevne, og varleik for omgivnadene. 

Erlend Flornes Skaret (f. 1976) kjem frå Bømlo og debuterte som forfattar i 2011 med romanen Wrocław

Sagt om debutboka:

"Elegant skrivekunst ... en stilsikkerhet uvanlig blant debutanter. Man kunne sitert vilkårlig fra nær sagt hvor som helst i boken, og det siterte ville båret bud om en forfatter som tenker dypt og skriver lett."

Fartein Horgar,  Adresseavisen

"Skaret skriv essayistisk nesten like godt som Solstad, og han har Knausgårds varleik for omgjevnadane ... Alt i alt vitnar dette om ein interessant forfattarskap."

Eskil Skjeldal,  Dag og tid

"Wroclaw er ein mogen, utfordrande debutroman som imponerer."

Steinar Sivertsen,  Stavanger Aftenblad

"Fin debut om reising og by ... I blant dukker det opp bøker som har denne fine egenskapen som best er beskrevet av Bob Dylan i den klassiske Ballad of a Thin Man; det er noe som foregår her, men du vet ikke helt hva det er? ... At dette litterære motet viser seg i en debut er både gledelig og lovende."

Leif Ekle,  NRK

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO