Gå videre til innhold

Pressemelding —

Ny romantrilogi om dei første norske mormonane; "Riv meg frå alt som held meg tilbake" av Svanhild Olianna Nessa

Svanhild Olianna Nessa kjem med romanen Riv meg frå alt som held meg tilbake om Nils frå Nessa som dreg til Salt Lake Valley og blir mormon. Rotnorsk bondekultur står mot den nye amerikanske draumen i første bandet av denne historiske romantrilogien, som tar for seg eit nokså ukjent kapittel i norsk historie, dei første norske mormonane.

Nessa utanfor Stavanger, året er 1850. Nils har eigen gard og stor familie og er spart for armoda som breier om seg. Likevel kjenner han ei dragning mot noko nytt, mot Amerika. Han er overtydd om at han har fått eit kall, og bestemmer seg for å reise. Attende på garden står Margrete og dei seks barna deira, som no må klare seg sjølve. Ho er ikkje villig til å reise frå alt dei har bygd opp saman, frå familie og skyldfolk og dei tre små på kyrkjegarden.

I New York kjem Nils i kontakt med folk frå mormonrørsla som overtyder han om å følgje dei til Salt Lake Valley, ei reise som tar fleire månadar. Dei store og dramatiske hendingane Nils kjem ut for, skal kome til å endre livet hans for alltid.

I mellomtida er Margrete i ferd med å finne attende til Faltin, som hadde eit godt auge til henne før ho gifta seg med Nils. Kanskje er det mogleg å finne kjærleiken på nytt?

«Svanhild Olianna Nessa kommer endelig med ei bok. Og for ei bok! ... Nessa skriver så detaljrikt, vakkert og spennende fra både Ryfylke, Stavanger og Amerika at det er bare å henge med på reisen, både til dem som drar og dem som blir. Nessa greier å skape personer du faktisk bryr deg om." Stavanger Aftenblad

SVANHILD OLIANNA NESSA (f. 1952) bur på Tau i Strand kommune. Riv meg frå alt som held meg tilbake er ein omarbeidd versjon av romanen Det fargerike åkledet og er den første boka i trilogien Mormonen på Nessa.



Emner

Regions


Samlaget gir ut skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og fakta, og faglitteratur for studentar i høgare utdanning.

Kontakter

  • Uten tittel - 12. mai 2025 kl. 14.19.06 (1) (15).png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 1.7 MB
    Last ned
  • Adobe RGB_Samlaget_Svanhild_Nessa-6.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5000 x 3335, 9.16 MB
    Last ned
  • 9788234017742 Riv meg frå alt som held meg tilbake.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3614 x 5339, 2.68 MB
    Last ned