Pressemelding —
Ny strikkebok med oppskrifter på sokkar av Ingvild Grane
Ingvild Grane har i mange år delt strikkeglede i ein uvanleg delikat fargepalett på instagramkontoen @skaperrom. No er ho klar med si tredje strikkebok; Strikk sokkar. 30 fargerike oppskrifter for store og små.
Få plagg blir brukte like mykje som eit par gode sokkar. I denne boka deler Ingvild Grane 30 inspirerande oppskrifter på sokkar som både ser flotte ut og sit godt på foten. Grane er inspirert av tradisjonsstrikk, men lagar oppskrifter som er moderne og friske i uttrykket.
Oppskriftene passar til heile familien, frå små barn til vaksne. Dei er detaljerte og enkle å forstå, slik at du kan følgje dei både om du har strikka mange sokkar før, eller om dudu prøver deg på sokkestrikk for første gong. Sokkar er perfekt restegarnstrikk.
Strikk sokkar er ei bok du kan vende tilbake til, gong etter gong.
Alle sokkane i boka er strikka i norsk garn frå Hillesvåg ullvarefabrikk.
Ingvild Grane (f. 1982) har i mange år delt strikkeglede i ein uvanleg delikat fargepalett på instagramkontoen @skaperrom. Ho har tidlegare gitt ut bøkene Strikk med Ingvild frå@skaperrom, 100 handlaga gåver og Strikk vottar.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.