Gå videre til innhold
Foto: Jørn Olav Myhre
Foto: Jørn Olav Myhre

Pressemelding -

Ny ungdomsbok frå Atle Hansen blir lansert under barnebokfestivalen Falturiltu

Atle Hansen er aktuell med ungdomsbok om å tore å stå for den ein er, boka blir lansert under barnebokfestivalen Falturiltu 10.november.

Jonas går på vidaregåande. Han trivst best i bakgrunnen der han kan vere anonym og observere dei andre elevane. Han ser mellom anna korleis Alexander, den nye guten med dei vakre krøllene, verkar å vere interessert i Jonas’ bestevenninne Live. Men kvifor synest Jonas det er så vondt å sjå på? Skulle han eigentleg ønske at Jonas var interessert i han? På ein fest blir hemmelegheita til Jonas avslørt framfor alle, og plutseleg er han ikkje lenger så usynleg. Har alle visst at han likar gutar, bortsett frå Jonas sjølv?

Alexander er forelska i Live handlar om å godta seg sjølv og kjenslene sine, og om å tore å stå for den ein er. Som i barnebøkene Klure og Apetryne utforskar Atle Hansen einsemd og utanforskap som tematikk, og om ein gryande kjensle av sjølvtillit.

Atle Hansen (f. 1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Hansen er truleg mest kjent for dei mange spenningsbøkene for barn og unge m.a. Svartedalen (2015) og Eg har venta på deg (2020). Hansen har vore nominert til Bokslukerprisen for alle dei siste barnebøkene, no sist Eg har venta på deg

Hansen var med på å starte nynorsk barnebokfestival Falturiltu på Stord for femten år sidan, og når årets utgåve av festivalen går av stabelen er sjølvsagt lanseringa av Alexander er forelska i Live på programmet. 

Hansen har ei lang karriere som musikar bak seg, og har m.a. fått Hordaland Mållags målrockpris for plata Trøysteslaus hotell i 1984. Han har medlem av det litterære rådet til Norske barne- og ungdomsforfattere (NBU) og i Kulturrådet sitt vurderingsutval. Atle Hansen er frå Mosterhamn i Bømlo kommune, men har vore busett på Stord sidan 1970.

Related links

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO