Gå videre til innhold
Ny ungdomsbok om vald, stolthet og utanforskap

Pressemelding -

Ny ungdomsbok om vald, stolthet og utanforskap

Peter F. Strasegger ungdomsbokdebuterer med ein rå og brutal, men også varm ungdomsroman om å flytte til ein ny stad og sette seg i respekt blant medelevane.

Aleksander er 15 år. Han veks opp i eit anna land. Der bestemmer han seg for å ta igjen overfor skulens bølle. Men det går for langt. Rett etterpå må han og familien flytta til Noreg, til ei lita bygd, der mora kjem ifrå.

I det nye heimlandet blir Aleksander peika ut som neste offer av ein mobbegjeng, leidd av Torve. Skal Aleksander ta igjen, slik han gjorde sist? Kva vil skje då? Eller skal han finna ei anna løysing? For kva slags krefter ligg det eigentleg i hendene hans?

Aleksander den store er ein roman om migrasjon, utanforskap og vald blant ungdommar, om det å vera stolt og å stå opp for seg sjølv. Romanen fortel òg om korleis samhald og venskap kan vera med på å snu farlege tankar.

Peter F. Strassegger (f. 1984) er fødd i Graz, Austerrike og bur på Bryne, der han jobbar som psykolog. I 2012 blei han tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen Stasia. Aleksander den store er hans første bok for ungdom.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO