Gå videre til innhold
Foto: Marius Fiskum
Foto: Marius Fiskum

Pressemelding -

Ny ungdomsroman frå Sigrid Agnethe Hansen

Sigrid Agnethe Hansen debuterte med ungdomsromanen Ser du dette? i 2020, og no er ho tilbake med ein frittståande oppfølgjar til suksessromanen. Rettane til boka er selt til Danmark før lansering heime.

Tina si veslesøster, Erika, er ikkje som andre småsøsken. Ho kjem alltid i første rekke hos foreldra, og no er Tina lei. Korfor må det alltid vere sånn? Og når bestevenninna Anna blir hovudstups forelska kjenner Tina seg utafor. For når skal ho få treffe nokon, ho som alltid må stille opp for veslesøstera?

Du veit ingenting handlar om å lengte etter det som kunne ha vore, om vennskap og om å stå opp for nokon andre når det verkeleg trengst.

Sigrid Agnethe Hansen skriv med stor omhug og varme om korleis det kan opplevast å vere eit skuggebarn, som veks opp i skuggen av eit søsken med ein alvorleg sjukdom.

Rettane til boka er selt til danske Straarup & Co før lansering. I juni fekk Hansen arbeidsstipend på 100 000 kroner frå dei nordnorske fylkeskommunane for å fullføre den siste boka i ein planlagt trilogi.

Sigrid Agnethe Hansen (f.1989) er innhaldsprodusent og tidlegare journalist. Hansen debuterte med Ser du dette? i 2020. Du veit ingenting er den andre ungdomsboka hennar.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Relatert innhold

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO