Gå videre til innhold
Foto: Marius Fiskum (c)
Foto: Marius Fiskum (c)

Pressemelding -

Sigrid Agnethe Hansen får Blixprisen 2023

Forfattar Sigrid Agnethe Hansen er vinnar av Blixprisen 2023


Minneprisen etter Emma og Elias Blix blir delt ut til ein nordnorsk forfattar som skriv nynorsk eller nordnorsk dialekt. Prisen blir delt ut av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget. Sigrid Agnethe Hansen debuterte i 2020 med ungdomsboka Ser du dette, og er i haust aktuell med bok nummer to, Du veit ingenting. Hansen har fått svært god kritikk, og bøkene er omsett til fleire språk.

I grunngjevinga frå juryen kan vi lese: “Hansen skriv hudlaust om den sosiale dynamikken i ungdomsmiljø, og romanen bør såleis engasjere eit breitt ungdomspublikum. Samstundes er det mykje å hente her for vaksne som vil forstå meir av kva som går føre seg. Forteljinga om Anna er vond å lese, men romanen sluttar i håpet om at det er mogleg å komme styrkt ut av kriser, og han peikar ut farbare vegar. I år kom romanen Du veit ingenting som er ein frittståande oppfølgjar til Ser du dette? Med desse to romanane har Hansen etablert seg som ein spennande forfattar med ungdom som primært publikum.”

Prisen er på kroner 15 000. Juryen består no av Aslaug Eidsvik, Hallvard Andre Kjelen og Anne Osvaldsdatter Bjørkli.


Samlaget ønsker Sigrid Agnethe Hansen til lykke med Blixprisen 2023!

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • BRUK DETTE_(c) Marius Fiskun_FISK0258
    BRUK DETTE_(c) Marius Fiskun_FISK0258
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4083 x 6122, 8.52 MB
    Last ned

Relatert innhold

  • Foto: Marius Fiskum

    Ny ungdomsroman frå Sigrid Agnethe Hansen

    Ny ungdomsroman frå Sigrid Agnethe Hansen. Du veit ingenting er ein varm roman om søskenkjærleik og om å stå opp for nokon andre når det verkeleg trengst. Rettane til boka er selt til Danmark.

  • ​Tredje opplag og utanlandssal for "Ser du dette?" av Sigrid Agnethe Hansen

    Sigrid Agnethe Hansens debutroman Ser du dette? kjem no i tredje opplag, samtidig som rettane er seld til både Sør-Korea og Danmark.
    Ungdomsromanen Ser du dette? handlar om eit nakenbilde på avvege. Tematikken er svært aktuell, noko både sal, meldingar og interesse frå utanlandske forlag visar.
    No har det danske forlaget Straarup & Co og det koreanske forlaget Charliebook kjøpt rettane.<