Gå videre til innhold
Nynorsk barnelitteraturpris til "Kåre og Marimba hjelper til" av Markus Lantto og Camilla Kuhn

Pressemelding -

Nynorsk barnelitteraturpris til "Kåre og Marimba hjelper til" av Markus Lantto og Camilla Kuhn

Kåre og Marimba hjelper til er av juryen for Nynorsk barnelitteraturpris kåra til den beste nynorske barneboka i 2022. Boka er skriven av Markus Lantto og illustrert av Camilla Kuhn.

Det er Noregs Mållag som står bak prisen, og den er på 50 000 kroner.

Frå grunngjevinga til juryen: "Dette er ei bok som viser barn si ukompliserte oppfatning og tiltru til medmenneske. Hovudpersonane i boka er tre heilt ulike typar. Kåre er den fornuftige og Marimba er den spontane og lettliva. Tjuven Torsten er frynsete, men viser at han også har mjuke sider og set pris på kontakten han får med dei to barna.

Juryen meiner dette er ei herleg barnleg bok som er lett å lika både for barn og vaksne. Boka er sprelsk og original og er eit springbrett for viktige samtalar. Dette er den første barneboka til Markus Lantto, og me håpar at prisen vil gje inspirasjon til fleire gode historier."

Juryen er Ingrid Rogne, Roald Kaldestad og Kristin Hatledal.

Markus Lantto arbeider som kunstnar og instrumentbyggjar i Trondheim, og debuterte med Bruken av gjedde i 2014. Kåre og Marimba hjelper til er hans første barnebok. Camilla Kuhn har skrive og illustrert fleire bøker for barn, både eigne og andre sine. Ho fekk KUD bildebokprisen 2020 saman med Rebecca Wexelsen for Ulf er uvel.


Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO