Gå videre til innhold
Illustrasjon frå Oskar og eg (c) Åshild Irgens
Illustrasjon frå Oskar og eg (c) Åshild Irgens

Pressemelding -

Nynorsk barnelitteraturpris til Maria Parr og Åshild Irgens

Forfattar Maria Parr og illustratør Åshild Irgens får Nynorsk barnelitteraturpris 2023 for boka Oskar og eg. Nynorsk barnelitteraturpris vert delt ut ved opninga av landsmøtet i Noregs Mållag i Trondheim 19.–21. april 2024.

Prisen kjem same veke som det vart kjend at Oskar og eg er nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris.

Juryen for Nynorsk barnelitteraturpris skriv i grunngivinga: “Maria Parr er rett og slett i ein eigen divisjon i norsk barnelitteratur, med sitt friske, kraftfulle språk, drivet i forteljingane og dei heilstøypte karakterane som me blir så glade i. Teksten vippar aldri over til å bli for søt eller sentimental. Hennar faste illustratør, Åshild Irgens, har fått boltre seg litt meir enn vanleg, og dette vil truleg gjera at ferske lesarar vil sluke denne boka. Det at Maria Parr tek høgtlesinga på alvor i ei tid der ein treng den meir enn før, samtidig som den blir litt borte hos mange, er noko som gjer boka ekstra fin.”

Prisen er på 50 000 kroner og har blitt delt ut av Noregs Mållag sidan 1956.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • 04_ELVA_RUMPETITT_2.jpg
    04_ELVA_RUMPETITT_2.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3071 x 2144, 4 MB
    Last ned
  • Irgens, Åshild_Photo Jan Tore Eriksen_NORLA_1-4x3.jpg
    Irgens, Åshild_Photo Jan Tore Eriksen_NORLA_1-4x3.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5000 x 3750, 8.88 MB
    Last ned
  • Julia Marie Nagelstad
    Julia Marie Nagelstad
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3000 x 2001, 2.8 MB
    Last ned
  • 9788234011450_Oskar og eg
    9788234011450_Oskar og eg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1819 x 2421, 1.79 MB
    Last ned

Relatert innhold